Gå til sidens hovedinnhold

Nores nye seglar inn til terningkast seks

(Firdaposten)

Aslak Nores nye sjangerblanding av ein roman, «Havets kirkegård», får terningkast seks i VG.

– Det er sjølvsagt veldig morosamt, seier Nore som bur i Frankrike, men er innom Oslo som snarast.

Romanen som har sørgt for det fine skotsmålet, tek utgangspunkt i eit lite stykke noregshistorie: den dramatiske endereisa til hurtigruteskipet D/S «Prinsesse Ragnhild» i 1940 ved Landego. Nore fekk ideen til romanen i eit festleg lag for nokre år sidan. Ein journalistkollega fortalde om det norske skipsforliset, som rett nok er kjent – men ikkje særleg omtalt i litteraturen. Nore, som alltid er på jakt etter underfortalde historier frå krigstid, spissa øyra.

– Hundrevis av nordmenn og tyskarar mista livet, seier forfattaren, som ganske snart var i gang med eit stort researcharbeid. Han skaffa seg mellom anna tilgang til eit opptak med Knut Indregård, som var skipper på frakteskipet som var like ved hurtigruteskipet denne dramatiske oktoberdagen i 1940.

– 140 menneske kunne sidan takke den heroiske innsatsen til Indregård for at dei kom frå det heile med livet i behald. Det gjekk føre seg ein formidabel redningsaksjon som eg meiner fortener å bli løfta fram, det var sterkt å høyre vitnemålet frå Indregård sjølv.

Vatn over hovudet

Omkring 300 menneske omkom i forliset der den rådande teorien har vore at skipet støtte på ei mine. Men Nore meiner opptaket med Indregård gir rettesnorer som peikar i andre retningar.

– Det er likevel ein jobb for historikarane, eg har skrive ein roman, slår han fast. Og strekar likevel under at han ville ha alt som handlar om dei ytre omstenda, rammeverket og tidskoloritten, så rett som mogleg. Han tok seg ein research-tur med Hurtigruten, og han fann fram til den villaste yttersida av Lofoten. Der fann han òg noko som fekk ein sentral plass i romanen.

For lesaren byr ikkje «Havets kirkegård» berre på ei geografisk reise langs noregskysten via den gamle riksvegen – havet. Dette er òg ei reise i etterkrigstida i Noreg, ein roman som seier noko om kven vi var, og kven vi har vorte.

Hurtigrutemuseet i Stokmarknes, og Krigsminnemuseet i Svolvær, vart andre stader Nore var innom på jakta si etter materiale og bakgrunnsstoff. Og så byrja den morosame delen, skrivinga og diktinga. Sjølv om alt ikkje var like morosamt. Nore innrømmer at «Havets kirkegård» er det næraste han har komme å ta seg litterært vatn over hovudet.

– Eg ville hive inn alt eg synest er gøy i denne boka, fylle henne med krigshistorie, familiedynasti, gamle løyndommar og uavklarte gåter. Eg ville skape spenning og driv samtidig som eg ville skrive fram den episke, store forteljinga – i slekt med det Carlos Ruiz Zafón fekk til med «Vindens skygge».

– Det var eit stort og ambisiøst prosjekt, av og til syntest det heilt umogleg. Men eg har hatt folk som har hatt tru på at dette kom til å bli bra, og det hjelpte meg med å komme i hamn.

Eit stort lerret

I boka før vi høyre om den fiktive karakteren Vera Lind. Ho og den nyfødde sonen hennar Olav overlever det omtalte skipsforliset, og 80 år seinare er det tankane og minna til Vera som leier oss tilbake til D/S «Prinsesse Ragnhild» og den forferdelege oktoberdagen. På mange måtar blir ho ein slags parallell til Rose i storfilmen «Titanic», og Nore forstår samanlikninga. Det er romantikk om bord, og det er ei tragisk reise mot døden, til havs, med minna til ei eldre kvinne i front.

– Det kan nok vere at James Camerons film har lege der som ei umedviten inspirasjonskjelde, seier Nore, som ser for seg mange ulike lesarar av romanen.

– Ein kan lese dette som rein underhaldning. Eller ein kan plukke opp noko mellom linjene som handlar om kven vi er som folk og land, og korleis vi liker å snakke om oss sjølve. Vi har det med å fortelje dei historiene vi liker best. Det gjeld òg dei historiene vi vel å framheve frå krigen. Også dei historiene vi fortel frå krigane vi har delteke i dei seinare åra, er selektive, seier Nore – som veit kva han snakkar om. Som 20-åring mønstra han på som soldat i Telemark-bataljon og reiste til Bosnia, som del av NATOs operasjon på Balkan. Han har òg vore journalist i den norske styrken i Afghanistan og blant amerikanske styrkar i Irak. Utan å avsløre noko, så ber «Havets kirkegård» med seg nokre spor frå desse erfaringane òg.

Nettopp det at boka spenner ut eit såpass stort lerret, og eigentleg ikkje kan plasserast i nokon bås, håpar forfattaren gjer at ho appellerer breitt. Boka er òg veldig «norsk», meiner han.

– Den sentrale plassen til kysten i boka, gjer lesinga relevant for mange. Det same gjeld tematikken som handlar om dei store endringane vi har sett i dette landet – på kort tid.

– For få år sidan var vi alle fiskarar og bønder som måtte jobbe knallhardt for det daglege brødet. Å kjenne historia si, og vite noko om kvar vi kjem frå, er noko eg sjølv har vorte mykje meir oppteken av med åra. Om romanen vekkjer ein forvitenskap i så måte, blir eg glad.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken