Færre vil utdanne seg til bonde – men flere vil jobbe med dyr og planter

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Landbruks- og matdepartementet orienterer og kommenterer søkertallene til høyere utdanning.

DEL

– Det er framleis auke i talet på fyrstevalssøkjarar til grøne fag i høgare utdanning, melder Landbruks- og matdepartementet.

– For landbruksfag, veterinærstudiane og andre grøne utdanningar i sum er det ein auke på 8,2 prosent frå 2017 til 2018, medan auken i samla søkjartal til høgare utdanning totalt i same periode er 4,7 prosent. Dette går fram av tala frå Samordna opptak som blei lagt fram i dag. 

– For landbruksfaga syner søkjartala ein nedgang på nær 7 prosent. For dei einskilde fag er det auke frå i fjor for agronomstudiet (årsstudium og bachelor), skogfag og «husdyrfag, velferd og produksjon.» Plantevitskap og husdyrfag har lågare søkjartal enn i 2017.   

– Veterinærfaga har ein fortsatt sterkt vekst i søkjartal – ein auke på næt 20 prosent frå i fjor.

– For andre grøne utdanningar som til dømes matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning, er tala stabile eller viser ein liten auke frå 2017.

Artikkeltags